(AVLYST) Ljøsblått 2020

på Chateau Neuf
lørdag 21. november
kl. 16:00
Pris: Gratis

Folkemusikkstudentanes førjulsfestival byr på lunsjkonsertar, dansekurs, tilreisande musikarar, klubb og buskspel.

Program
Torsdag 19. november:
12.00 Fellesrommet 139/140 , Norges musikkhøgskole:
Lunsjkonsert
Gira på litt variasjon i skuledagen? Kom og høyr studentar frå folkemusikklinja spele i ein akustisk setting, torsdag og fredag kl. 12.00. Laurdag blir det ein liknande konsert kl. 16.00 på Chateau Neuf, som går over i open jam før klubbkvelden brakar laus.

15.00 Bevegelsesrommet, Kammersal 3 – 01012, Norges musikkhøgskole:
Kurs i dans, samspel og song
Få ein introduksjon til folkemusikkens verd med kurs i grunnleggjande dans, song, og samspel. Hugs å ta med instrument dersom du skal på samspelkurs (alle instrument er lov), og sko+klær som egnar seg til dans, dersom du skal på dansekurs.

20.00 Betong, Chateau Neuf: Opningskonsert med utøvarar frå forskjellige sjangrar
Velkomen til opningskonsert i Betongsalen på Chateau Neuf! Folkemusikkstudentane har slått seg saman med andre unge musikarar frå ulike sjangrar for å lage ein heidundrandes konsert der folkemusikkens grenser blir tøygde til dei nesten ryk!

Fredag 20. november:
12.00 Sandvoldsalen, Norges musikkhøgskole: Lunsjkonsert
Gira på litt variasjon i skuledagen? Kom og høyr studentar frå folkemusikklinja spele i ein akustisk setting, torsdag og fredag kl. 12.00. Laurdag blir det ein liknande konsert kl. 16.00 på Chateau Neuf, som går over i open jam før klubbkvelden brakar laus.

19.00 Betong, Chateau Neuf: Studentkonsert med musikarar frå Ole Bull-akademiet og Musikkhøgskolen
Fredag kveld er vi så heldige at vi får besøk av folkemusikkstudentar frå Ole Bull-akademiet på Voss! Det blir ein konsert med folkemusikk i ulike besteningar, både solo og samspel. Hugs å skaffe billett tidleg før huldra bestiller alle.

22.00: Betong, Chateau Neuf: Buskspel (jam)
Buskspel er ein essensiell del av festligheitene i folkemusikkens verd. Ta med deg yndligsinstrumentet ditt og sleng deg på, alt er lov! Fiolin, saksofon, paukar, orgel…

Laurdag 21. november:
14.00 Levinsalen: UngMusikk
Barneførestilling i regi av studentane på 2. år ved folkemusikklinja på Musikkhøgskolen. Musikkelevar frå Oslo/Akershus-området har delteke på fleire helgekurs for å lage en førestilling, med premiere på Ljøsblått i Levinsalen.

16.00 Foajeen, Chataeu Neuf: Lunsjkonsert og buskspel (jam)
Studentar frå folkemusikklinja speler i ein akustisk setting. Konserten går over i open jam før klubbkvelden brakar laus. Chateau Neuf er ansvarleg arrangør. Ingen førehandsbestilling av billettar. Begrensa plass.

19.00 Betong, Chateau Neuf: Klubbkonsert med Skrekk & Guro
Ljøsblått peakar med ein dryg festkveld i Betongsalen, der til og med Fanitullen hadde gått opp fem intensitetsnivå med ekstra rammeslag-power og skjoldmøy-prestige. Det blir konsert med rocka folkemusikk, med bandet Skrekk og Guro. Etter konserten blir det dans med avstand, som kjem til å maxe din stamina, buskspel som boostar din reaksjonstid, og generelt mæd stemning som vil gjere deg til ein elite-level folkemusikkfest-meister!

Berekraftig merch:
Har du lyst på Ljøsblått-merch?
Lever dine brukte, kvite eller grå (logofrie) t-skjorter eller genserar i boksen under tavla i Musikkhøgskolens foajé. I løpet av ukene før festivalen kan du kjøpe t-skjorter og genserar med Ljøsblått 2020-logo for 100/150.
Siste frist for innlevering av klede er 5. november. Overskotet går til Framtiden i våre hender.

Norges musikkhøgskole og Chateau Neuf
Gratis inngang, med unntak av kveldskonserten laurdag – bill. 150 (VIKTIG: Av smittevernhensyn må publikum hente ut billettar på førehand i TicketCo, også gratisbillettar. Du treng ikkje hente ut billett til lunsjkonserten på laurdagen.)
Sjå retningslinjer for smittevern på konsert:
https://nmh.no/kontakt-oss/om-billetter-korona
Sjå også:
https://nmh.no/festivaler/ljosblatt-2020