Indre Sunnmøre Støylag + TBA

fredag 9. februar 2018
kl. 19:3022:00
Pris: 100 / 30

Dørene åpner kl 19:30, konsertstart 20:00 presis!

Billett: 30,- for DNS-medlemmer/50,- for studenter/100,- for andre
__________________________________________

Indre Sunnmøre Støylag vart danna i desember 2016 og er meint som eit samlingspunkt for støy-interesserte musikarar frå regionen indre Sunnmøre. Dei faste medlemmane per dags dato er: Jonas Hamre (frå Sykkylven) på Saksofon/elektronikk og Jonatan Uranes (frå Stranda) på elektrisk bass og datamaskin. Saman utforskar vi vakre lydlandskap av den harde sort. Gruppa har ein improvisatorisk natur og arbeidar med både elektroniske, akustiske og digitale lydkjelder med ein særegen estetikk. Bandet har blant anna opptrådt på “Jazzfestivalen vol. 2” i Bergen kuratert av John Hegre. Jonas og Jonatan har spelt saman i forskjellige besetninger sidan 2012, men laga først konseptet Indre Sunnmøre Støylag i 2016. Indre Sunnmøre Støylag har utgitt kassett tape på “nofigore” og har innspelt materiale for 3 nye kassettar som kjem på nyåret.

Lyd: https://soundcloud.com/nofigore/sets/indre-sunnmore-stoylag-demo/s-d9CHh
http://nofigore.com/releases/nfgr001

TBA