American Movie (1999) og kortfilmen Coven (1997)

tirsdag 2. februar 2016
kl. 19:00
Pris: 60 / 40

– “Your AT&T Universal Card has arrived”? Oh God, kick-fucking-ass, I got a Master Card. I don’t believe it, man. Life is kinda cool sometimes.

Mark Borchardt har laga skrekkfilmar sidan han var liten gut. Når me møter han er han snart 30 og er lidenskapeleg opptatt med å få på beina ein spelefilm kalla “Northwestern”. På grunn av manglande økonomi vert han pressa til å heller fullføre ein kortfilm han byrja på nokre år tidlegare og satse på at denne fører med seg pengar nok til å få laga spelefilmen. Dette er ramma for ein dokumentar som minner oss på at eit blikk inn i eit ukjent nabolag kan vere det artigaste som finnest – særleg om det i nabolaget finst ein hockeysveis som har ein stor draum og innsett at han treng alle rundt seg for å realisere han.

Regissør Chris Smith klarer på imponerande vis å ikkje le, kanskje med hjelp av respekt for store ambisjonar og knallhard vilje. Resultatet er ein film som overgår “Coven” på dei fleste område, og som fekk prisen for beste dokumentar på Sundance. Dét kan ein seie er ein akseptert måte å sikre seg økonomisk støtte til nye prosjekt – den morosame måten er derimot å gå til sin 82 år gamle onkel og høyre om han kan vere produsent. Det seier han heldigvis tja til, og produsent Bill er i seg sjølv grunn nok til å få med seg filmen.

English:

Documentary about an aspiring filmmaker’s attempts to finance his dream project by finally completing the low-budget horror film he abandoned years before.

Fakta:

American Movie

Regissør: Chris Smith

Årstal: 1999

Land: USA

Format:DVD

Speletid: 107 min

 

Coven

Regissør: Mark Borchardt

Årstal: 1997

Land: USA

Format:DVD

Speletid: 36 min