AVLYST! Veterandagen 8. mai

onsdag 30. april 2014
kl. 19:00
Pris: Gratis

I 2010 vart det bestemt at frigjeringsdagen den 8. mai også skulle benyttast til å hedre våre norske veteraner frå internasjonale operasjonar dei siste tiåra. Sidan har denne dagen bert preg av regjeringa og forsvarets satsningar
for å auke folks bevistheit når det gjeld norske veteranar og internasjonale operasjonar som Noreg deltek eller har delteke i.

I tillegg til dette er det mange som har kritisert innføringa av veterandagen på den 8. mai, med problematisering av å skape samanlikningar mellom vår nasjonale frigjeringskamp og vår deltakelse i krigar i utlandet.

I høve dette har Norges Fredsråd satt i gong ein kampanje for å ta friheitsdagen tilbake, der dei legg fokus på at frigjeringsdagen skal vere ein dag som fokusrer på fred og forsvar, ikkje militære angrep og intervensjon.

I samarbeid med Norges Fredsråd ønsker vi i Kulturutvalget å belyse dei ulike siden ved feiringa av 8. mai og debattere om frigjeringsdagens intensjon blir ivaretatt ved innføringa av veterandagen.

Panel:
Hedda Bryn Langemyr, dagleg leiiar Norges Fredsråd; Thor Lysenstøen, generalsekretær NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner)