Tidsbilde: 20 000 Days on Earth

tirsdag 3. februar 2015
kl. 19:0023:00
Pris: 60 / 40

Eit unikt møte med ein musikklegende

Vi møter rockemusikaren Nick Cave gjennom ein unik kombinasjon av fiksjon og dokumentar. Med intim, smakfull filmteknikk får ein vere med det australske ikonet gjennom 24 timar av ein fiktiv “kvardag”, der hovudpersonen spelar seg sjølv. Filmen gir eit spennande innblikk i den kreative prosessen det er å lage musikk, fra låtskriving til konsert for tusenvis. Samtidig som ein får sjå musikaren “Nick”, får ein også møte privatpersonen, gjennom samtalar med vennar og familie. Gjennom mimring og refleksjon gir Cave eit sterkt bilde av eit intenst kreativt sinn.

Hybriden mellom drama og fakta gjer filmskaparane oss kjendt med personen Nick Cave, samtidig som mystikken rundt han blir bevart. Filmen kan anbefalast for både Nick Cave-fans og alle som vil sjå ein estetisk vakker film om ein ekstraordinær skikkelse.

  • Regi: Iain Forsyth, Jane Pollard
  • År: 2014
  • Land: Storbritannia
  • Lengde: 97 min
  • Format: bluray

English

The film follows the musician Nick Cave, his career and personal life within 24 hours. It offers insight to Cave’s creative process and his contemplation on life and music.

Reality and drama combined in a day of this musical icon resulting in a portrayal of restless creativity, it is both a biography and a vision of a musician considering the meaning of his own art.

Visually beautiful, musically unsurpassed, it is mandatory for all Nick Cave fans, but because of its exceptional delivery and universal themes, the film will be great even to those who are interested in more than merely music.