Medlemsmøte om St. Olavs gate 32

på Chateau Neuf
mandag 31. august 2020
kl. 18:13
Pris: Gratis

Velkommen til medlemsmøte!

Styret i Det Norske Studentersamfund kaller herved inn til medlemsmøte måndag 31. august kl. 18:13. Møtet vil foregå på Chateau Neuf. Møtet er opent for SIO-registrerte studentar og aktive medlemmar i DNS.

På saklista er det kun ei sak: St. Olavs gate 32.

Kjapt om saka: Styret ønskjer å kalle inn til dette møtet på bakgrunn av innspel frå medlemsmøtet i vår og fordi vi ser det nødvendig med oppdaterte innspel og eventuelle vedtak frå DNS sine medlemmer i saka.

Velferdstinget i Oslo og Akershus har vedteke å etablere eit studenthus i St. Olavs gate 32. Per i dag er bygget eigd av Statsbygg, men det skal leggast ut for salg på det opne markedet.

Styret meiner det er viktig at DNS samla tar ein god diskusjon om korleis dette kan påverke DNS og Chateau Neuf, og ønskjer innspel frå våre medlemmar.

Vi ønskjer også å gi nye (og gamle) medlemmar informasjon om status i saka og prosessen som har pågått fram til i dag.

Utfyllande sakspapir vil komme seinast ei veke før møtet.

Vi ønskjer innspel frå så mange som mogleg, men må sjølvsagt halde oss til alle gjeldande reglar rundt koronaviruset. Dersom stor pågang eller sterke ønskje vil vi sjå på høve til noko digital løysing i tillegg til fysisk møte.

Påmelding til fysisk møte her: https://forms.gle/6fWsvUpuRrJhyo9e6

Les sakspapirene her.

Dette er saken

2014: En komité nedsettes for å se etter alternative lokaler for det norske studentersamfund. 
Generalforsamlingen vedtar at DNS ønsker å finne nye lokaler.
2016: Huskomiteen nedsettes for å jobbe langsiktig med flytteprosjektet. Mars 2017: Generalforsamlingen blir enige om å avslutte flytteprossesen og bli i lokalene på Chateau Neuf. 
Høsten 2017: Vedtatt at velferdstinget skal arbeide for et studenthus i sentrum.
FREMOVER: Velferdstinget vil ha nytt studenthus på Tullinløkka i St. Olavs gate 32.