Korleis lærer hjernen?

fredag 10. februar 2017
kl. 18:0020:00
Pris: Gratis

Korleis har vi klart å gå frå eit jeger- og sankarsamfunn til eit samfunn med bilar, briller, biljard og bibliotek? Læring er ein viktig del av det som definerer oss som art. Til og med det vitskapelege namnet: Homo sapiens – det kloke mennesket – viser at vi ser på oss sjølve som fornuftige vesen som kan lære både av sin eigen, men også av andre si erfaring. Men lærer vi eigentleg på ein så ulik måte enn andre artar? Og korleis går eigentleg læringsprosessen føre seg inne i hovudet? Kulturutvalget inviterer til ei tverrfagleg samtale med ein biolog, ein psykolog og ein pedagog.