American Movie (1999) og kortfilmen Coven (1997)

Mark Borchardt har laga skrekkfilmar sidan han var liten gut. Når me møter han er han snart 30 og er lidenskapeleg opptatt med å få på beina ein spelefilm kalla “Northwestern”. På grunn av manglande økonomi vert han pressa til å heller fullføre ein kortfilm han byrja på nokre år tidlegare og satse på at denne fører med seg pengar nok til å få laga spelefilmen.