Aleksandra Kollontaj

fredag 1. mars 2013
kl. 19:0021:00
Pris: Gratis

100 år etter at alle myndige i dette landet fekk stemmerett, markerar Kulturutvalet den internasjonale kvinnedagen 8.mars med å gjere eit djupdykk i livet til ein av dei fremste kvinnesaksforkjemparane i historia: Aleksandra Kollontaj (1872-1952).

 

Kollontaj markerte seg tidleg i det førre hundreåret som sosialistisk agitator, skribent og talskvinne for ein friare seksualmoral. Som Lenins kurer i Kristiania hadde ho nære band til norsk arbeidarrørsle og Martin Tranmæl, men òg til kvinnesaka i Noreg. I 1917 ble Kollontaj fyrste kvinnelege regjeringsmedlem under Lenin. Seinare talte ho partiet midt imot som leiar for Arbeidaropposisjonen, før ho vende attendetil Kristianiasom verdas fyrste kvinnelege diplomat.

Korleis kan ho kasta lys over sambandet mellom den norske arbeidarrørsla og den framveksande sovjetstaten? Og kva rolle spela feminismen i kommunismens framvekst?

Yngvild Sørbye arbeidar med ein ny Kollontaj-biografi og har forska lenge i denne kvinna