Trugar engelsken posisjonen og statusen til norsk i Noreg? Er den gamle målstriden mellom nynorsk og bokmål avleggs? Kan henda bør dei to stå samla mot presset frå engelsk? Sume talar om at dialektane døyr? Er me i ferd med å få regionale variantar av norsk ? eit bokmålisert og utvatna talemål? Har normert talemål nokon plass i dette dialektlandet?
Kom og ver med på ordskiftet om målstriden!
Debatten vert arrangert i samarbeide med Studentmållaget.
Panel:
John Ole Askedal, professor i tysk, medlem i Riksmålsforbundet
Astrid S. Dypvik, student, medlem i Studentmållaget i Oslo
Ragnhild Ljosland, stipendiat, NTNU
Sylfest Lomheim, språkdirektør, Norsk Språkråd