Ein skitten togkupe humpar bortover det golde øydelandet i det ville vesten. Ein pent kledd akademikar frå byen tek eit nervøst tak rundt dokumentmappa, medan han registrerer at klientellet i vogna gradvis endrar seg. Dei likesinna velkledde ved påstigning forlet toget ein etter ein, og til slutt sit byguten att med ein gjeng skitne skjeggete menn som morar seg med å plaffe ned bøflar. Ein mann kjem bort til han, og spør kvar han reiser. Då han høyrer svaret, seier han at det einaste oppkomlingen kjem til å finne der, er hans eiga grav. Akademikaren køyrer mot Machine, endestasjonen på jernbanen, der han har fått jobb som bokhaldar i fabrikken i byen. Alt på toget får han imidlertid nok ei kjensle av at han er på veg rett inn i avgrunnen. Han er ein død mann.

William Blake heiter han, og delar dermed namn med ein kjend og myteomspunnen britisk poet. Karakteren i filmen er ikkje klar over dette samanfallet før han seinare i filmen treffer på ein indianar som kan sitere han på rams. Vel avstigen frå toget, slår inntrykka imot han. Ein hest pissar plaskande ned i den skitne sanden. Ein mann får ein sugejobb i ei sidegate, og rettar revolvaren snerrande mot Blake då han passerer. Forskjellige skumle typar tek mål av den forskremte byfyren. Det kan verke parodisk, men først og fremst gjev det berre ei tyngande kjensle av sosial avmakt og framandgjering. Blake har ingenting i dette ugjestmilde, fiendtlege samfunnet å gjere, og rotar seg snart inn i ein situasjon han ikkje kan kome levande ifrå.

Lydsporet i filmen er ei historie for seg sjølv. Filmen er usedvanleg fåmælt. Utallige gonger kjem det same gitarriffet som ein oppfølgjing til ei ytring, nærast så replikken vert banka fast. Neil Young står bak musikken, og samarbeidet mellom musikaren og regissøren var så bra at Jarmusch seinare ville lage ein film om Neil Young og bandet hans, Crazy Horse. Resultatet ble Year of the Horse.

Filmen er skoten i svart-kvitt, og dermed er Jarmusch attende i det mytologiske landskapet som kjenneteiknar dei tidlegare filmane Stranger than Paradise og Down by Law. Med seg på lasset har Jarmusch fått mesterfotografen Robby Müller. Han skaut også filmane Mystery Train, Down by Law og Ghost Dog: The Way of the Samurai, og er i tillegg ein favoritt hjå Lars von Trier og Wim Wenders. Ikkje mange kunne gjengje den skitne og støvete amerikanske utkanten så vakker, poetisk, men samstundes så hyperrealistisk som han har gjort i Dead Man.

Omtale fra Bergen Filmklubb

Bilde: Dead Man

Hold deg oppdatert

Nyhetsbrevet vårt sendes ut én gang i uka, og inneholder program og eksklusive konkurranser.

Meld deg på her:

Tirsdag 18/6

Foto: Elisabeth Gripsrud

19.00 Annet
Mørkeromstirsdag

Tirsdag 25/6

Foto: Elisabeth Gripsrud

19.00 Annet
Mørkeromstirsdag

Onsdag 14/8

Studiorevyen 2013

19.00 Teater
STUDiO-revyen «Maxis!»